— Me ynskjer å gi peparkakebyen utviklingspotensial, fortel Steinar Kristoffersen, leiar i Bergen Sentrum. Sidan 1991 har peparkakebyen vore å finna på Galleriet, men når lokala no er leigd ut til anna verksemd, vil selskapet flytta «byen» ut.

Paviljong, ikkje telt

Planen er eit mellombels bygg som skal stå på Torgallmenningen i desember, fortel Kristoffersen.

— Eit stort telt midt i folkelivet, er det så fint då?

— Nei, tanken er eit mellombels bygg som kan erstatta teltløysingar - ein bypaviljong som skal liggja som ei smykke i den aller mørkaste tida av året, reklamerer han. Arkitektfirmaet 3RWs har teikna skisser for bypaviljongen.

Konsert og butikk

Om planane om bypaviljong går i orden, er det tenkt til meir enn utstilling.

— Peparkakehallen er også tenkt brukt til Bergen Kulturskole sine peparkakekonsertar og til ein liten Redd Barna-butikk, fortel initiativtakaren. Storleiken på bygget vil bli om lag 14 x 27 meter, og høgde mellom 3,5 og 3,9 meter. Bergen Sentrum ventar no på løyve av kommunen for å eventuelt setja opp bygget.

- Flott tiltak

Byrådsleiar Monica Mæland er begeistra for initiativet til utandørs peparkakeby.

— Nettopp peparkakebyen har vore noko Bergen kan vere stolte av å gjere for barn. Når tiltaket ikkje kan halda fram på Galleriet, ønskjer me velkomen eit utandørs tilbod, seier Mæland. Ho synest berre det er flott at bygget kjem opp på Torgallmenningen.

— Eit slikt bygg vil bli flott i byen si storstove, meiner ho.

Spleiselag

Bergen Sentrum AS, bypaviljongen og Peparkakebyen er non profit. Dette er eit allmennyttig tiltak. Sjølve bygget vil kosta mellom fire og fem millionar kroner, og ein reknar at det trengst ein million til årleg drift. Bergen sentrum er allereie i gang med å søkja støtte og ta kontakt med bedrifter.

  • Me treng hjelp til finansiering. Dersom me ikkje klarer å tenna dugnadsanda kan Peparkakebyen bli historie, sluttar Kristoffersen.