Hotellbetjeninga ante fred og ingen fare heilt til det israelske paret i 60-70 åra brått sette seg i bilen, og stakk frå rekninga — med ein sint vertshuseigar i hælane.

Vanlegvis tek Stryn vertshus betaling på førehand, men fordi mange sjekka inn samtidig, vart det avtalt at hotellbetjeninga ville kome rundt på romma og ta betaling i etterkant.

Men då dei kom til rommet, opna ikkje ekteparet døra. På avreisedagen la kona nøklane på disken, og sa at mannen skulle betale. Og så stakk dei berre av.

Då hotelleigaren sprang etter og opna bildøra for å stogge ekteparet, gav dei gass og køyrde. Politiet fortel at dei sist vart observert i ein svart Mercedes leigebil på veg mot Strynefjellet.

Alt dette ifølgje NRK Sogn og Fjordane.