— Dei tenkjer nok at «han Sigurd» går no her og trør likevel, humrar Sigurd Lægereid. Men det er nok ikkje det som er grunnen til at 68-åringen er henta inn som sensor til Bergen trafikkstasjon - seks år etter at han gjekk av med pensjon. Rekordlang kø til oppkøyringa i Bergensområdet har fått trafikkstasjonen til å snu seg rundt.

Manglar fire stillingar

Består du teoriprøven i dag, må du venta til uti oktober før du kan få oppkøyring. Det er dobbelt så lang tid som nabobyen Stavanger i sør. Bergen distrikt (Bergen og Nordhordland) skal ha 19 sensorar, men er pr. i dag i manko på fire.

— Sensor-mangelen fører til lenger ventetid, seier Gunn Bergfald Roald, seksjonsleiar på Bergen trafikkstasjon. No er fire pensjonerte sensorar tatt inn for å få dempa oppkøyringspresset.

— Alle ressursar er sett inn på oppkøyring no, og dette året har sensorane jobba mykje overtid, fortel Bergfald Roald.

Kjekt å kunna hjelpa

Me møter den rutinerte sensoren Sigurd Lægereid på trafikkstasjonen etter enda ein arbeidsdag og fire oppkøyringar.

— Det er kjekt å kunna hjelpa til slik at fleire får førarkortet når dei vil det, smiler han. Saman med tre andre pensjonistar hjelper han til for å få levert ut fleire «lappar» til køyreklare ungdommar.

— Og det fine med å vere slik vikar er at eg slepp alt papirarbeidet, gliser Lægereid.

Før sommarferien var det ein del som flykta sørover til Stord og nordover til Voss og Førde for å ta førarkortet. Men no er ikkje forskjellen stor nok til å senda ungdommane på reisefot.

— I mai og juni hadde me rundt 25 nordhordlendingar som kom på grunn av lang ventetid i Bergen, seier Inge Grane, koordinator ved trafikantseksjonen på Førde trafikkstasjon. Utanfor Bergen og Nordhordland er det likevel nesten ein månad kortare ventetid.

Betre i sør

Til no i år er det blitt utført nesten 4200 førarprøver i alle klassar i Bergen distrikt. Desse prøvane er fordelt på om lag 12 sensorar. I Stavanger er det 1500 færre førarprøvar, men fire fleire sensorar.

— Me har ikkje noko problem med lang ventetid eller manko på sensorar, seier Reidun Lanne, fungerande seksjonsleiar i førarkortavdelinga på Stavanger trafikkstasjon. Dette trass i at sensorane blir brukt til både skuletilsyn og bilbeltekontrollar.

— Alt slikt har me nedprioritert dette året, seier Bergfald Roald.

SENSORVETERAN STEPPAR INN: Med 35 års erfaring som sensor for ungdom på førarkortjakt, er Sigurd Lægreid tilbake for å bedømma den praktiske prøven.