Det er dei to lekdommarane som har fått den 76-årigeStord-kvinna frikjent for aktlaust bildrap etter straffelova. Fagdommarenmeinte på si side at tiltalte skulle dømast for grov aktløyse etterstraffelovsparagraf 239 etter at ho svinga bilen sin ut på E 39 ved Leirvikmidt på dagen 20.april i fjor der motorsyklist Stian Emberland (22) fråHaugesund kom køyrande i rundt 70 km i timen.

22-åringen omkom ein time ettersamanstøyten med 76-åringen sin bil.

Bot, men ingen soning

Pensjonisten er likevel dømt for aktløyse ettervegtrafikklova, til 30 dagar fengsel på vilkår og 10.000 kroner i bot. Ho erogså frådømt retten til å køyra bil i 18 månader.

Lekdommarane meinte at brotet på vikeplikta skuldast korttids manglande merksemd, og ser ikkje bort frå at ho konsentrerte merksemda siom ein trailer som låg bak motorsyklisten.

Frikjent for oppreisning

Som følgje av frifinninga for tiltalen om aktlaust bildrapetter straffelova, er 76-åringen også frikjent for kravet omoppreisningserstatning. Dei etterlatne sin bistandsadvokat la i rettsforhandlinganesist veke ned påstand om oppreisning til avdøde sine foreldre og bror, avgrensatil 125.000 kroner til kvar.

Tingretten har utsett dei etterlatne sitt krav omerstatning for lidd og framtidig tap, inntil det er klarlagt i kva grad dette blirdekt av tiltalte sitt forsikringsselskap etter reglane i bilansvarslova. Rettenseier samstundes at 76-åringen er erstatningsansvarleg dersom nemndeerstatningsvilkår blir oppfylte.