— Det var ingen personar i den gamle delen som brann, men to personar i den nye delen av pensjonatet måtte evakuere, fortel politibetjent Elisabeth Roksvåg, som sjølv rykte ut på brannmeldinga om natta.

Pensjonatet ligg ved riksveg 15, nokre kilometer vest av Stryn sentrum. Den totalskadde eldste delen av bygget var av tre, medan den uskadde nyare delen er av betong.

Trebygningen var overtent da politi og brannvesen kom til staden. Flammane stod titals meter til værs frå den brennande bygningen.

Normalt ville det vere fare for spreiing til andre hus som ligg få meter unna, men det var til all lukke vindstille denne natta. Brannen var under kontroll ved 05-tida. Berre nokre yttervegger og delar av taket står igjen, og tredelen av bygget er totalskadd.

— Alt innvendig i trehuset er øydelagt. Det er enno varme i ruinane, og vi reknar med å starte åstadgranskinga måndag, saman med folk frå e-verket, seier Elisabeth Roksvåg ved lensmannskontoret i Stryn.

Brannen har truleg starta i andre etasje. Eigaren av pensjonatet bur i den nye delen av bygget, og var ikkje heime da brannen braut ut.