— Prosjekteringa av tunnelen har alt starta. Hordaland fylkeskommune har løyvd 5 millionar kroner til dette arbeidet, og det vil gå sin gang. Det betyr at om Stortinget rekk å handsama bompengesøknaden for tunnelen i vårsesjonen, eller må venta til hausten, så vil ikkje det ha stort å seia for framdrifta av arbeidet med Jondalstunnelen, seier Per Steffen Myhren hjå Statens vegvesen til Bergens Tidende.

Det var torsdag fylkesutvalet fekk seg forelagt eit brev frå regionvegsjef Ole Chr. Torpp, der konklusjonen var at bompengeinntektene for Jondalstunnelen truleg vil verta vel 40 millionar kroner lågare enn dei trudde før jul.

Til fylkestinget

— Om vi trur på dette eller ikkje, spelar inga rolle. Det er vegvesenet sine tal vi må halda oss til. Altså må vi berre finna 40 millionar kroner å fylle dette holet med, seier fylkesrådmann Paul M. Nilsen.

Saka må opp att i fylkestinget, og Nilsen vonar at ting kan vera på plass til ekstratinget 4. mai, der Nasjonal transportplan skal handsamast. Der bør og fylkestinget prioritera inn 20 millionar kroner frå riksvegramma til Hordaland, før finansieringspakken for Jondalstunnelen kan snørast att for godt.

I brevet listar Torpp opp ei rekkje faktorar som han meiner gjer det svært vanskeleg å spå kor mykje trafikk som vi velja Jondalstunnelen på strekninga Odda-Bergen når han er ferdig rundt 2009-10.

Mange alternativ

Det er sterk uvisse om kor stor trafikk Jondalstunnelen vil få, som har fått vegvesenet til å justera ned bompengeinntektene. Det store spørsmålet er kva veg trafikken vil ta mellom Bergen og Odda. - Når Jondalstunnelen er ferdig bygd, rundt 2010, vil trafikken ha fire vegval, der avstandar og kostnader er nokolunde likeverdige. Her er mykje som er uvisst, men det er vår plikt å peika på denne uvissa og be om at det vert teke høgde for dette, seier Ole Chr. Torpp til BT.

Per Steffen Myhren minner for sin del om at mange trudde Folgefonntunnelen og ferja til Gjermundshamn ville verta den nye og raske vegen til Bergen for oddingane.

— Men no syner det seg at berre 10 prosent av dei som køyrer Folgefonntunnelen tek ferje til Gjermundshamn. Og i det tidsrommet Folgefonntunnelen har vore open, har trafikken auka både på Brimnes-Bruravik og på Kvanndal-Utne, seier Per Steffen Myhren.