I perioden 2001 til oktober 2004 utbetalte Landsrådet for Norges Barne— og Ungdomsorganisasjonar (LNU) 140.000 kroner i støtte til «Baltisk Club» og «Baltisk Ungdomsklubb».

Problemet er at ingen kan dokumentere at organisasjonane eller personane bak eksisterer.

Med eitt viktig unntak: Den bedrageritiltalte sunnfjordingen eksisterer, og han disponerer også kontoen der pengane gjekk inn.

- Eksisterer ikkje

I morgon møter sunnfjordingen i Fjordane tingrett, tiltalt for grovt bedrageri. Han kan i følgje politiet ikkje gjere greie for korleis dei 140.000 er blitt brukt, men skal ha gått med på å betale dei tibake.

I følgje politiets tiltale skal mannen på vegne av dei baltiske klubbane ha sendt rundt 30 søknader om støtte til Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU).

28 av søknadene gjekk gjennom, og LNU utbetalte pengane som ei rekke enkelttilskot. Til saman var summen komen opp i 140.000 kroner da alarmen gjekk seinhausten 2004.

- Ingen dokumentasjon

Det var LNU som politimelde saka.

— Trass i at han er oppmoda om det ei rekke gonger, har vedkommande aldri klart å legge fram rekneskap, bilag eller anna dokumentasjon for at desse foreiningane faktisk eksisterer, seier generalsekretær Trond Enger i LNU.

— Han har heller ikkje kome opp med eitt einaste dokument som viser at pengane er brukt i tråd med intensjonen, slik han har hevda. På toppen har vi aldri greidd å spore opp dei personane som står oppført som ansvarlege søkarar, korkje i det norske folkeregisteret eller andre stader.

Etter avslutta etterforsking meiner også politiet at dette dreier seg om grovt bedrageri og dokumentfalsk. Saka kom for ein dag da LNU plukka ut dei baltiske mottakarorganisasjonane i ein stikkontroll.

Påtalemakta meiner pengane har gått rett inn på den tiltalte sunnfjordingens eigen konto.

Over tre år

Søknadene er underskrivne med det påtalemakta ser på som fiktive namn, men tiltalte skal ha vedgått å ha stått bak søknadsflaumen.

— Han har i avhøyr erkjent at han har skrive under på søknader med andre namn, opplyser politiadvokat Terje Gjertsen.

I tillegg til grovt bedrageri er mannen dermed også sett under tiltale for dokumentfalsk.

Sjølv om han i forliksrådet har gått med på å tilbakebetale summen på 140.000 kroner i månadlege rater, har han overfor politiet likevel hevda at den baltiske klubben eksisterer - og at pengane er brukt i drifta av klubben. Dette har han underbygd ved å leggje fram program og taler frå kurs og samlingar som skal ha blitt avvikla.

Landsrådet for Norges Barne- og Ungdomsorganisasjonar forvaltar på vegne av Kultur- og kyrkjedepartementet nær hundre millionar kroner gjennom den såkalla frifond-ordninga.