Sunnhordland er først ute med tiltaket. Til neste år står truleg Midthordland og Nordhordland for tur.

Oppsøk landets eldste bedehus på Søra Bømlo, arbeidarbustaden i Litlabø-gruvene på Stord og ti andre kulturminne i Sunnhordland i løpet av våren og sommaren. Dermed er du kandidat til ein finale der du vinna 20.000 kroner å reisa for kvar du vil. Vel å merkja dersom du tileignar deg kunnskap om dei ulike stadene.

— Eg har merka meg at folk er lite flinke til å oppsøkja reisemål i eige nabolag. På båttur i Sunnhordland har eg også etterlyst eit konkurransemoment for å inspirera til nye besøk, særleg for ungar, seier Johannes Hjelland, opphavsmann til ideen om kulturorientering.

Kystsogevekene

Hjelland, som leiar Langevåg Utvikling på Bømlo, har fått med seg Kystsogevekene og Forbundet Kysten. Og frå i dag er tevlinga i gong i Sunnhordland. I år som eit prøveprosjekt utan postar i Etne og Kvinnherad.

Informasjonsplakatar og merkestenger er hengde opp på dei 12 postane. Startpakkar med kart og informasjon er til sals for 200 kroner sentrale stader i dei deltakande kommunane. Kunnskapsfi-nalen blant 20 uttrekte lag eller enkeltpersonar med 12 postklipp skjer i Moster Amfi 8.september.

— Me vonar at dette kan bli ein tradisjon og ein familieaktivitet for folk som er interesserte i kultur, natur og friluftsliv i eige distrikt, seier dagleg leiar Ragnhild Randal i Kystsogevekene.

Bevisst på nærmiljøet

— Kanskje kan me på denne måten vera med på å bevisstgjera noko av det verdfulle som finst i nærmiljøet, men som ikkje alltid blir like påakta lokalt, seier Johannes Hjelland.

Blant anna i samarbeid med Bergen Museum er det meininga at postane i Sunnhordland skal inngå i ein database over kulturminne og -landskap der folk kan gjennomføra kulturreiser på internett.

UT PÅ KULTURTUR: Johannes Hjelland til v. er mannen bak tevlinga Kulturorientering, som i samarbeid med Ragnhild Randal og Kystsogevekene er sett i gong i Sunnhordland. I midten Job Nedrebø i Våge Grendautval. Saman med Kystsogevekene arrangerer han ein stor maritim marknad ved Kulleseidkanalen på Bømlo i 6.-8.september.
FOTO: OVE OLDERKJÆR