Med 18 døde er «Rocknes»-ulykka ei av dei største på mange tiår i norske farvatn. Men framdrifta i granskinga av katastrofen i Vatlestraumen går svært sakte. Årsak: Justisdepartementet har ennå ikkje bestemt seg for korleis arbeidet skal organiserast og kven som skal ta rekninga.

Eit sentralt punkt i undersøkingane er å få analysert lastekalkulatoren om bord. Kalkulatoren vart henta opp frå vraket av dykkarar, og dataspesialistar hos firmaet Ibas AS har undersøkt kva som kan hentast ut av datamaskinen.

For tre veker sidan mottok politiet i Bergen ein førebels rapport frå Ibas AS. Av rapporten skal det gå fram at selskapet sannsynlegvis kan berge det meste av opplysingane som var lagra i kalkulatoren. Dette kan i så fall gje eit ganske nøyaktig svar på korleis skipet var lasta, og korleis det stod til med stabiliteten.

300.000 kroner

Men analysen av kalkulatoren vil koste pengar: Prisen for arbeidet skal etter det BT kjenner til vere i underkant av 300.000 kroner. Arbeidet som Ibas AS så langt har gjort er det politiet som har betalt. Nå skrur dei igjen pengekrana:

— Det er ein del ting som ligg utanfor våre rammer for etterforskinga, men som kan vere av interesse for andre. Det gjeld for eksempel utrekningar av stabiliteten, seier politiinspektør Svein Erik Krogvold, som leiar politiets etterforsking.

— Kva gjer politiet nå?

— Vi sit litt på gjerdet, og ventar blant anna på ei avklaring på spørsmålet om ei eiga granskingsgruppe, seier Krogvold.

Har venta i seks veker

Den avklaringa har han venta på lenge. Allereie tidleg i februar bad sjøfartsdirektør Rune Teisrud om at det blir sett ned ei eiga granskingsgruppe som skal ta for seg ulykka. Svaret frå Justisdepartementet ventar han framleis på.

Politiet ser sitt ansvar som sterkt avgrensa. «Omfanget av norsk strafferettsjurisdiksjon er begrenset i og med at skipet er utenlandsk eid og registrert, henholdsvis i Tyskland og Antigua», skreiv riksadvokat Tor-Aksel Busch i eit brev til Justisdepartementet 13. februar.

- Er veldig viktig

Sjøfartsdirektøren hevdar at heller ikkje han kan betale for ei skikkeleg gransking.

— Vi må ha ekstra pengar til dette. Elles ville det gå ut over andre delar av arbeidet med tryggleik til sjøs, seier sjøfartsdirektør Rune Teisrud.

Han er likevel klar på at ulykka må granskast skikkeleg - og da må lastekalkulatoren også saumfarast.

— Det er sjølvsagt veldig viktig å få ut korleis lasta og andre vekter om bord var plassert. Først da kan vi rekne skikkeleg på stabiliteten, seier Teisrud.

Sjøfartsdirektøren er ikkje glad for at avklaringa dreg ut.

— Eg synest ikkje dette burde ta så lang tid. Vi var veldig kjapt på banen etter ulykka, og det fekk vi også ros for internasjonalt. Det er synd dersom arbeidet nå stoppar opp, seier Teisrud.

Senior informasjonsrådgjevar Gunnar A. Johansen i Justisdepartementet kunne i går ikkje svare på når departementet vil ta stilling til spørsmålet om ei granskingsgruppe.

GÅR TREGT: Granskinga av katastrofen i Vatlestraumen går svært sakte. Justisdepartementet har ennå ikkje bestemt seg for korleis arbeidet skal organiserast og kven som skal ta rekninga. Her vert «Rocknes» slept til Ågotnes 28. januar i år.<br/> ARKIVFOTO: KNUT STRAND