Pengeknipe nær Hardangerbrua

Statens vegvesen manglar 132 millionar kroner til vegsystemet på sørsida av Hardangerbrua.

- Vi er klare til å ta imot pengane kva dag som helst, fridde Anved Johan Tveit til stortingsrepresentantane som bussa forbi.

Tveit er leiar av Hardangerrådet, og ordførar i Eidfjord, kommunen som har forskottert 30 millionar kroner til rassikringa som har fått kostnadssprekk.

I snødrevet kunne medlemene av Stortingets Transport- og Kommuni-kasjonskomite berre skimta konturane av problema som oppstår om pengane uteblir.

Rasvern
Det dreier seg om Bugjelet. Der gjekk det i 2002 eit svært snøras, dagen etter at eit anna ras blåste ein skibuss på veg mot Geilo på fjorden nær Eidfjord sentrum. Føraren og ein passasjer drukna, ein annan vart berga av ein heltemodig lokal elektrikar. Til all lykke vart ingen bilar tekne av raset i Bugjelet, konstaterte redningsmannskapet etter eit omfattande søk. Staden ligg eit par minutt unna ferjekaia på Brimnes.

Sikringa går ut på å flytta vegen ut på ei svær fylling tvers over gjelet. Mot aust skal vegen så inn i ein 450 meter lang tunnel som høyrer til rassikringsprosjektet Brimnes-Bu. Der er pengane oppbrukte før tunnelen er påbyrja.

Tunnelen skal sikra eit raspunkt, og tunnelmassane trengst for å gjera fyllinga i Bugjelet høg nok til å vera rast-rygg.

Bratt prisauke
Øivind Søvik er prosjektleiar for Hardangerbrua. Han går ikkje med på at kalkylane er sprengt med heile 132 millionar kroner.

- Dette er kostnadsoverslaget for arbeidet som no manglar finansiering. Strekninga mellom Bugjelet og Hardangerbrua var aldri finansiert. Det veit alle. Her er ingen rasfare, og ras-sikringsmidlar er utelukka. Meininga har vore å bruka eksisterande veg til pengane kan skaffast, seier Søvik.

- Men likevel er det ein solid kostnadssprekk mot Brimnes. Kven har ansvaret?

- Dette er ein konsekvens av den kraftige prisauken vi opplevde i anleggsbransjen for eit par år sidan, seier Søvik.

Han minner om at Hardangerbrua vart utsett, og arbeidet sendt ut på ny tilbodsrunde i denne perioden. Lengre nord på riksveg 13 vart kalkylane for Myrkdalstunnelen kraftig oppjusterte rett før anleggsstart. På Bu leiter ein etter kostnadssparande tiltak, så Staten kan sleppa rimelegare unna.

Les også

Siste fra Lokalt

Kranglete mann kom kjørende full på fest

Politiet rykket ut til Rosendal.

- Dette er så unødvendig

Mann sendt til legevakt for å sy sårene etter å ha ramponert flere biler i Fabrikkgaten.

Her stiller han klokken

«Jeg er kongen av Bergen», ropte mannen etter å ha dyttet på viserne.

- Aldri sett så mye grisekjøring

Her fliser han forbi, tett inntil land i høy fart.

Krasjet på land med båt

Båtfører i 40-årene sendt til sykehus.

Relaterte bilder

BUGJELET I SOMMAR. Denne rotfyllinga er blitt dyr. (FOTO: Arne Hofseth)

BUGJELET I DAG. Transportkomiteen såg ikkje problemet. Det var dekt av snø. (FOTO: Arne Hofseth)

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger