Etter tre magre år blir det pengar til alle frå Bergen kommune neste år. I alle høve nesten alle:

  • Skulane skal rustast opp
  • Eigedomsskatten går ned
  • Piggdekkavgifta forsvinn
  • Byggesaksgebyret blir halvert
  • Alle skal få barnehageplass
  • Alle på sjukeheim får einerom (2008)
  • Vedomntilskotet blir ført vidare

Mykje av dette låg inne i byrådet sitt budsjettforslag, men Frp har fått inn ulike tiltak for til saman 150 millionar kroner. Det som kosta mest (50 millionar) er å redusere eigedomsskatten med ein promille (sjå grafikk).

Møte i døra for Frp

Då byrådet la fram sitt budsjettforslag, som altså var 150 millionar kroner mindre, var dommen frå Frp hard:

— Dette budsjettet ber preg av å vere eit valbudsjett, sa Frps fremste mann i finanskomiteen i bystyret, Gunnar Bakke.

Han meinte byrådet heller burde betale meir ned på underskotet.

Då partiets gruppeleiar Liv Røssland i går smilande presenterte budsjettforliket, var det ikkje lenger snakk om valkampbudsjett.

— I ettertid har byrådet betalt ytterlegare ned på underskotet, i tillegg til at den raudgrøne regjeringa gjev oss meir pengar, seier ho.

Bergen har i haust fått 211 millionar kroner i auka skatteinntekter, som regjeringa har vald å la kommunane behalde.

Desse blir brukt til å betale ned på underskotet, og gjer at dei neste år kan redusere nedbetalinga frå 150 til 50 millionar kroner.

I tillegg får budsjettkameratane 51 millionar kroner ekstra i rammetilskot frå dei raudgrøne i Oslo, som går rett inn i det blågrøne budsjettforliket i Bergen.

Kutt i sosialhjelpa

Ein av dei få postane som har fått mindre etter forliket med Frp er sosialtenesta. Dei fire partia reknar med at det blir færre sosialklientar neste år, og kuttar overføringane med 5,4 millionar kroner.

— Det er grunnleggjande usympatisk å bruke sosialstøtta som salderingspost, seier gruppesekretær i SV, Kjartan Haugsnes.

Han peikar på at sosialhjelpssatsane i Bergen framleis er 28 millionar kroner under 2003-nivå.

Til liks med Arbeidarpartiets Terje Ohnstad er Haugsnes svært kritisk til bruken av dei 51 millionar ekstra kronene Bergen får frå staten neste år.

— No går desse pengane til å betale kuttet i eigedomsskatten, og det kan eg aldri tenkje meg var intensjonen til den raudgrøne regjeringa. Det må då vere viktigare å hjelpe dei som treng det, enn at eg og andre skal få eit par hundrelappar mindre i eigedomsskatt, seier han.

SÅ DET SUSAR: Skatteinntektene og pengar frå den raudgrøne regjeringa fløymer inn i bykassa, og gjer livet lett for budsjettkameratane Liv Røssland (FrP) og Hilde Onarheim (H).
Silje Katrine Robinson