Pengar stoppar sikker tunnel

10 kilometer tunnel vil sikra togtrafikken vinterstid på Bergensbana. Med enorm gevinst for godstransporten mellom Bergen og Oslo. Men ingen har pengar.

Les også:

Det handlar om ein tunnel mellom Kleven bru aust for Myrdal og Lågheller, nær Finsetunnelen. Ein strekning på 10-12 kilometer av i alt ca. 470 kilometer med jernbane mellom Bergen og Oslo.

- Vi kan vel seia at denne korte strekninga åleine står for 80 prosent av skredproblema på Bergensbana vinterstid, seier Ole Erik Almenningen, som er fagleg leiar, line, i Jernbaneverket Region vest.

Seksjonssjef Thoralf Otneim i Jernbaneverket i Bergen har hatt linevalet for tunnelane liggjande i ei skuff sidan 1993. Etter dagens prisar vil desse to tunnelane kosta til saman nesten to milliardar kroner, eller 200 millionar kroner for kvar kilometer.

100 prosent avhengige
Pengane finst ikkje verken på noko budsjett eller i nokon plan. Men Bergensbana er den viktigaste strekninga for godsfrakt mellom Bergen og Oslo. Hjå CargoNet, som har 30 prosent av godstrafikken, er dei ikkje i tvil om at ei slik investering ville bety ei radikal betring av transportvilkåra for gods.

- Vi er 100 prosent avhengige av ein open trasé for gods over fjellet. Dagleg har vi sju godstog med 40 til 50 containerar i kvar retning. Kvart einaste godstog har last tilsvarande 25-30 vogntog, som vegane vert sparde for, seier informasjonssjef Bjarne Wist i CargoNet.

Stengjer tidlegare
I fjor vinter var det krise då eit ras og ei avsporing stengde Bergensbana ei heil veke til endes.

- Kva gjer de når bana er stengt?

- Då må vi ty til kriseløysingar. Men trailerar som kan overta alt godset finst ikkje på marknaden. Det betyr at kvar stogg i godstrafikken på Bergensbana får store økonomiske konsekvensar både for transportørane og for kundane, seier Bjarne Wist.

Og sidan avsporinga i fjor vinter har dei vorte endå meir varsame i Jernbaneverket. Terskelen for å stengja bana over fjellet er lågare enn før. Det gjer Bergensbana endå meir usikker for godstrafikken.

Vintrane vert verre
Klimautsiktene lover heller ikkje godt for dei som satsar på godstrafikk med Bergensbana. Vinterveret på fjellet vert heller dårlegare enn betre.

Nils Gunnar Kvamstø, professor i meteorologi ved Universitetet i Bergen, seier at klimaprognosane tyder på endå meir nedbør.

- I framtida vil denne nedbøren koma i meir intense periodar, med mykje nedbør på kort tid. Og sjølv om klimaet vert varmare, vil nedbøren likevel halda fram med å koma som snø om vinteren i dei høgdene vi har over fjellet langs Bergensbana, seier Kvamstø.

Meteorolog og forskar ved Bjerknes-senteret, Asgeir Sorteberg, har sett nærare på kva dette har å seia for skredfaren i fjellet.

- Kraftige og intense snøfall aukar fåren for skred. Kombinert med vind vert skredfaren endå større, seier Sorteberg.

Les også

Siste fra Lokalt

Motorsykkelulykke på Tysnes

Bil og motorsykkel krasjet ved Uggdal.

- Advokater redde for
å klage på dommeren

- Jeg kjenner til flere advokater som er misfornøyde med dommernes opptreden i retten, men de kvier seg for å klage på dem.

Brannalarm i sentrum

Kraftig røykutvikling fra bakeri i Chrisitian Michelsens gate. - Det brant i en bakerovn, sier brannsjef.

Her kjører båten
folk med billetter

Noen gråt og andre bannet. - Dette spolerer ferien vår, sier trebarnsmor.

Streiken kan pumpe kloakk
rett ut ved badeplassene

- Økt fare for kloakk rett i sjøen, sier streikende driftsoperatører i Bergen Vann.

Tråsyklist krasjet i autovern

Kvinne (57) braste rett inn i autovernet på sykkel på Osterøy i nærheten av Lonevåg.

Relaterte bilder

BLODSLIT: Det er både risikabelt og eit blodslit å vera ryddemannskap på Bergensbana om vinteren. Biletet er frå avsporinga 21. februar 2007, då eit Signatur-tog køyrde i eit skred litt forbi Kleven bru. Halvparten av toget vart ståande att på lina. Bergensbana over fjellet var stengt ei heil veke. FOTO: ARNE HOFSETH

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger