-Det vil vere naivt å seie at kredittspel ikkje eksisterer. Men det er altså ulovleg, seier administrerande direktør Erik Mietle i Norsk Rikstoto. -Og kva gjer Norsk Rikstoto dersom kredittspel blir oppdaga?ý Det må vi vurdere i kvart enkelt tilfelle. -Så konsekvensen er ikkje uansett utestenging av kommisjonæren? -Dersom vi ser at det går an å løyse problemet, gjer vi det. Spørsmålet blir om vi kan vi få pengane våre, samtidig som vedkommande kjem laus frå knipa. — Er ikkje dette å dekkje over alvorlege brot på eit regelverk som er fastsett etter norsk lov?-Nei, vi tek sterk avstand frå regelbrot, seier Mietle, som nødig vil snakke om akkurat denne delen av Rikstotos arbeid. -Eg er redd for å sende ut signal om at vi hjelper folk som har drive kredittspel. Det er veldig farleg å snakke om dette, fordi det alltid er nokon som kan misbruke regelverket. Slike saker blir vurdert nøye internt, og det er slett ikkje sikkert at vi trør støttande til, seier Mietle, som konsekvent nektar å svare på spørsmål om Thor Solheims avtale. Det gjer også styreleiar Morten Chr. Mo i Norsk Rikstoto.-Vi tillater absolutt ikkje kredittspel, på ingen måte. Det har vi styrevedtak på, seier Mo. -Og når kredittpspel blir oppdaga?-Då prøver vi å løyse problemet til beste for formålet med Stiftinga Norsk Rikstoto. -Og formålet er?-Formålet er å skaffe mest mogleg pengar til hesteoppdrett og hestehald i Noreg, seier Mo. Moseier at han ikkje var kjent med Thor Solheims avtale før han fekk vite at Bergens Tidende arbeidde med denne artikkelen før helga.-Eg har bedt direktør Erik Mietle om å leggje fram alle opplysingar om saka på neste styremøte i august. Då skal vi vurdere det som har hendt opp mot styrevedtaka våre, seier Mo.