Med høgaktuelle parolar om kvinneløn både framom og bak, nekta pendlarane å ta nei for eit nei. Det nedslåande svaret frå NSB i vinter, vil dei ikkje akseptera.

Den nye striden om kraftutbygging i Raundalselva i det verna Vossavassdraget vart også markert, med ei smålåten oppmoding om å la elva leva, heilt bak i prosesjonen.

Også i år marsjerte vossingane frå Torget, og ei dryg runde gjennom Vangen. Demonstrasjonstoget enda opp ved Voss Ungdomshall der LO-nestleiar Tor Arne Solbakken heldt førstemaitalen.