Sidan i vår har 93 pasientar blitt feilprioriterte ved medisinsk avdeling på Nordfjord sjukehus, og administrasjonen i Helse Førde har meldt saka til Helsetilsynet. Dei tre legane som vurderte tilvisingane, vart før helga fråtekne denne oppgåva.

"Avgrensa oversikt"

I ei styresak med tittelen Risikostyring 2011, handsama på styremøte 27. mai i år, er eit delmål for helseføretaket å få til ei eins forståing av prioriteringsforskrifta. Her skildrar administrasjonen nosituasjonen slik:

"Usikkert, avgrensa oversikt over kva opplæring som er gjeve i dei ulike deler av organisasjonen".

Med andre ord: Administrasjonen i Helse Førde hadde ansvar for å lære legane opp i dette arbeidet, men helseføretaket hadde i mai i år ikkje oversyn over kva opplæring som var gjeve i organisasjonen.

Spørsmålet blir dermed om Helse Førde som arbeidsgjevar har gjeve dei tre Nordfjord-legane som står sentralt i ventelisteskandalen naudsynt opplæring.

Melder Helse Førde-toppane

— Dei rette ansvarlege må no stillast til ansvar, meiner kommunelege Bengt Georèn i Vågsøy.

Doktoren er aktiv i helsefaggruppa som jobbar mot endringane ved Nordfjord sjukehus, og gjekk i går til det skritt å melde toppane i Helse Førde til Helsetilsynet for manglande og sein oppfølging av dette arbeidet.

Saka som i vår blei utgreidd for styret i Helse Førde, kom som ein konsekvens av at Helse Vest hadde vedteke mål for risikostyring. Eitt av dei overordna styringsmåla Helse Vest sette for alle helseføretaka på Vestlandet, var at det ikkje skulle skje fristbrot. I tillegg sett Helse Vest som mål at det skulle vere ei eins forståing av korleis pasientar skal prioriterast, mellom anna for å sikre likebehandling av pasientar.

For lang tid?

Kommunelege Georèn brukar styresaka frå i vår som eitt av fleire døme der han meiner Helse Førde har brukt altfor lang tid på å innføre prioriteringsrettleiarane som har kome frå 2009 og frametter. Vågsøylegen viser også til at fagdirektør Hans Johan Breidablik alt hausten 2009 melde til styret at rettleiarane for prioritering var på god veg inn i føretaket. Det blei også då jobba med å samle prioriteringa på færre hender. Legar ved Nordfjord sjukehus har etter at ventelisterotet blei kjent, sagt at dei aldri har fått opplæring i å bruke systemet.

I brevet til Statens helsetilsyn legg Georèn ikkje skjul på at han meiner ansvaret for å organisere arbeidet med rettleiarane og lære helsepersonell opp til å bruke dei rett, må liggje til Helse Vest og Helse Førde.

Deltok ikkje på kurs?

Trass i styredokument som fortel om "avgrensa oversikt over kva opplæring som er gjeve", meiner administrerande direktør Jon Bolstad i Helse Førde at dei har god oversikt.

— Eg veit kva opplæring som er gjeve i organisasjonen, også ved Nordfjord sjukehus. Men eg kan jo ikkje svare på om kvar enkelt tilsett har delteke på alle dei ulike kursa og tilboda, seier Bolstad. - Dette er noko vi no arbeider med å finne ut, knytt opp mot saka i Nordfjord.

Bolstad går ikkje med på at dei har brukt for lang tid på å få prioriteringsrettleiarane på plass i organisasjonen. Opplæringa er ifølgje direktøren gjeven, og den er obligatorisk for legane i Helse Førde.

Ventelisteskandalen i Nordfjord har uansett medført at Helse Førde har fått gjennomført eitt av sine delmål: Å flytte all vurdering av tilvisingar til Førde sentralsjukehus.

— Dette ville ha skjedd uansett, seier Bolstad. - Men saka i Nordfjord gjorde at det gjekk litt raskare enn det elles ville ha gjort.