Måndag vart han arrestert i Sogndal, der han i over eit halvt år har studert ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF), under falskt namn. Bergensaren er sikta for seksuelle overgrep mot to småbarn.

I desember i fjor vart ein åtte år gamal gut prøvd bortført i Sogndal.

— Denne saka er ikkje oppklara, seier lensmann Håvard Stensvand i Sogndal.

— Eg er forundra over at bergensaren har klart å studere ved Høgskulen i Sogndal så lang tid utan å bli oppdaga. Det er skulen som har ansvaret for at slikt ikkje skal skje, seier Stensvand.

Rektor Johannes Thaule ved HSF seier til NRK, Fylkesnytt at saka er ubehageleg og at skulen må skjerpe rutinane for kontroll av studentane.

I går vart bergensaren varetektsfengsla for fire veker.