OVE ARNE OLDERKJÆR

Stord

70 arbeider i dag i Stord Dialog på Leirvik, og styreformann Pedersen har eit skrikande behov for 35 til. I tillegg er han på veg til Skånevik med 50 telefonsaljobbar neste år, 60-70 til Rosendal og ti til det vesle øysamfunnet Fjelberg.

Stord Dialog blei etablert i 2002. Pedersen eigde da vel 30 prosent, resten var eigd av Drammen-selskapet MindX ved Kai Hornslien og David Gundersen, og Oslo-mannen Erik Langaker.

Langaker seier til bt.no i september 2005 at han selde seg ut av selskapet etter kort tid. Kjøpar var Jan Kåre Pedersen.

Jan Kåre Pedersen seier at selskapet alt tenar pengar. Og meir skal det bli, for kundar og planar står i kø, fortalde han på ein pressekonferanse på Stord i går. Målet er ei dobling av årets omsetnad til 18 millionar kroner neste år.

Frå truser til bedrifter

Stord Dialog har før i år fått forbrukarombodet på nakken for sitt telefonsal av truser og sokkar. Salet blei kutta ut, og Stord Dialog tapte 80 prosent av omsetnaden sin.

Kritikken mot arbeidskontraktane er også teken til følgje. No har alle tilsette ei grunnløn pluss provisjon, i snitt 110 — 120 kroner timen, opplyser dagleg leiar Nina Frantzen og Jan Kåre Pedersen.

Stord Dialog fekk også store dataproblem i sommar, som lamma verksemda i tre veker. Trass all motgangen, og trass i at stadig fleire telefonabonnentar reserverer seg mot telefonsal, er det ikkje problem med å skaffa aktivitet i telemarketing- eller callsenter-selskapet.

— Kundebasen er meir vridd mot bedrifter, seier Pedersen.

Fleire bein

Stord Dialog ønskjer fleire bein å stå på. Det er skissert planar for tenester innan reklame og marknadsføring, og overføring av aktivitet til stands og demonstrasjonar på kjøpesenter.

— Det er ikkje alle som er i kjøpemodus heime i stova, seier dagleg leiar Nina Frantzen. Som fortel at det kan bli aktuelt for Stord Dialog å etablera eit eige reklamebyrå.

Frå årsskiftet er Stord Dialog etablert med avdeling i Skånevik i Etne og i Fjelberg i Kvinnherad.

I Rosendal i Kvinnherad har Stord Dialog lenge varsla etablering. Grunna tekniske vanskar sist sommar er dette utsett til april 2005. I Rosendal vil selskapet tilsetja 60 - 70 seljarar.

TELEAKTIV: Jan Kåre Pedersen, den gamle televerktillitsmannen som blei sjef i Televerket Nye Muligheter og Bravida, er no deleigar og styreleiar i telefonselskapet Stord Dialog, med Nina Frantzen som dagleg leiar.<br/> Foto: Ove A Olderkjær