Dei 380 arbeidsplassane på verket gir næring til tre eller fire gonger så mange eksternt, trur klubbleiar Ørjan Normann i Husnes Kjemiske.

Lokalt i Kvinnherad handla Søral for 105 millionar kroner utan moms i fjor. 140 millionar kroner utan moms dryppa på underleverandørar i resten av Sunnhordland, ifølgje ordførar Synnøve Solbakken (Ap).

— Verksemda gir mykje tilbake til kommunen. Det er mange underleverandørar som no vil merka det både i og rundt Kvinnherad. Vi vil også tapa skatteinntekter, seier ordføraren.

- Kan blir dramatisk

HMR Group AS - med fleire dotterselskap i Kvinnherad - er ein av underleverandørane. Gjennom ein mannsalder har Søral vore ein av fleire viktige kundar for HMR.

  • Det er klart at når marknaden fell og Søral skal redusera produksjonen med 50 prosent, vil det gje seg utslag i lågare sysselsetjing. HMR Husnes har alt varsla permitteringar, seier Knut Prestnes, konsernsjef i HMR Group AS.
  • Det er veldig mange verksemder som leverer til Søral, og som har Søral som hovudmottakar av produkt. Det er klart dette kan bli dramatisk dersom denne perioden blir langvarig, seier Karin Thauland, leiar i Kvinnherad Næringsservice.

Har håp

Ho fryktar óg tap av kompetanse og at folk vel å flytta for å få seg jobb andre stader. Samstundes er ho oppteken av ikkje å svartmåla situasjonen.

— Det er snakk om permitteringar, ikkje nedlegging, seier Thauland. Også ordføraren har tru på hjørnesteinsverksemda.

— Det er viktig å ha med seg i denne tida at me ser på situasjonen ved Søral som ein overgang. Håpet er at verda skal ha bruk for meir aluminium og at lageret snart skal vera tomt, så ein kan få opp att produksjonen.

  • Dei tilsette er urolege og spente. Men også optimistiske og innstilte på å slåst for denne gode bedrifta, seier klubbformann Ørjan Normann.