• Nokon prøver den lettvinte metoden, men det svarar seg ikkje, seier politiet.

Politiet fekk inn meldinga 07.30 onsdag morgon.

— Ein mann i førtiåra er arrestert i Fyllingsdalen for å ha stole skilta frå ein anna bil, og sat dei på bilen han sjølv køyrde. Det er endå uvisst om bilen han sat i var hans eiga, seier operasjonsleiar Jan Steimler ved Hordaland politidistrikt.

Ifølgje politiet skal mannen ha vore i påverka tilstand. Tjuveriet skal ha skjedd i Nesttun-området.

— Han er sikta for dokumentforfalsking, køyring i påverka tilstand og tjuveri av kjenneteikn, opplyser Steimler.

Ifølgje operasjonsleiaren er tjuveri av bilskilt ikkje uvanleg.

— Det kan vere nokon som ikkje har skilt på bilen, og prøver den lettvinte metoden, men det svarar seg ikkje, seier Steimler.

Mannen vil bli avhøyrt av politiet utover onsdag føremiddag.