— For meg som student får dette enorme økonomiske konsekvensar. Med nye flybillettar, nytt pass og eventuelt bortfall av stipend kan dette koste meg inntil 50.000 kroner, seier Eirik Magnar Høydal.

Brevet som skulle til Japans ambassade i Oslo inneheldt pass og godkjenningspapir frå universitetet i Japan, som Høydal treng for å få studentvisum. Høydal kan bestille dokumenta på ny frå Japan, men det tek inntil fire veker å lage og deretter ytterlegare ei til to veker i postgang til Noreg. I verste fall kan det gå seks veker før Høydal har visumet i hende.

Etter planen skulle Høydal reist til Japan om to veker, men no risikerer han å bli over ein månad forseinka.

— Då skulle eg allereie ha vore godt i gang med studiane. I verste fall går eg glipp av så mykje undervisning at eg ikkje får godkjent faga. Då må eg avlyse heile reisa og det gjer at eg blir forsinka i utdanninga mi med eit semester, seier språkstudenten.

- Skal ikkje skje

Å sende brev som rekommandert post er det tryggaste alternativet Posten tilbyr. På Posten sine nettsider kan ein lese at rekommandert post er brev med dokumentert innlevering og sikker utlevering. Brevet skal kome fram innan to til tre dagar i Noreg. Men det skjedde ikkje i Høydal sitt tilfelle. Han betalte 68 kroner for å sende pass og studiepapir på sikrast mogleg måte til ambassaden i Oslo. Ei veke etter at brevet var postlagt, ringde Høydal ambassaden og etterspurde passet.

— Dei sa dei ikkje fann passet mitt, og spurte om eg var sikker på at eg hadde sendt det, fortel Høydal.

Brevet er registrert innlevert i post i butikk på Mix Møhlenpris i Bergen. Ti dagar etter har brevet endå ikkje kome fram, og Posten kan ikkje svare på kvar det har tatt vegen.

— Dette skal ikkje skje og er sterkt beklageleg, seier Eivind Rossen, informasjonssjef i Posten.

Han vedgår at postsendinga skulle vore framme for fleire dagar sidan, og seier at dei no har sett i gang undersøkingar.

— Vi går gjennom heile produksjonslinja og prøver å nøste opp brevet, seier Rossen.

Førebels har dei ikkje anna informasjon om brevet enn at det blei innlevert på Mix Møhlenpris i Bergen for over ei veke sidan.

Rossen stadfestar at rekommandert brev er det sikraste alternativet, og seier det er svært sjeldan at slike sendingar forsvinn.

— Vi har gode sporingsmoglegheiter, og håper å finne det i løpet av kort tid, seier Rossen. Han understrekar at dei tek saka alvorleg og lover å følgje opp kunden.

Kostbar forsvinning

For Eirik Magnar Høydal har postrotet skapt mange bekymringar. Dersom brevet ikkje dukkar opp kan det hende han må avlyse heile Japan-opphaldet på grunn av for mykje fråvær.

— Det er utruleg irriterande. Hadde det vore vanleg post hadde eg forstått det. Men dette var rekommandert brev og då skal ikkje slikt skje, seier Høydal.

Posten tilbyr inntil 1000 kroner i erstatning for rekommanderte brev som blir borte i posten. Men for Høydal blir utgiftene mykje større.

— Eg håper Posten vil innsjå at dei har rota det til og kompensere. Aller helst håper eg at passet og studiepapira dukkar opp, men det ser mørkt ut, seier Høydal.

Rune Sævig