Fjerntoga på Bergensbanen, Sørlandsbanen og Dovrebanen får samankopla to krengetogsett (tidlegare omtalt som Signaturtog) der det normalt blir køyrt med eitt sett.

På denne måten vert kapasiteten auka frå 200 til 400 passasjerar i kvart tog. På Bergensbanen vert det i tillegg sett opp eit ekstratog frå Bergen til Geilo laurdag før palmesundag.

Til saman går 7100 ekstraseter i toga på Bergensbanen denne påsken. Også på Nordlandsbanen vert det sett inn ekstra kapasitet på ordinære avgangar. Til saman er 22 ekstratog sett opp i periodane 1.-7. april og 11.-14. april.