Påskemøter kvar kveld frå onsdag 8.april til søndag 12.april kl 19 på Holdhus Oppvekstsenter (laurdag kl 18). Tale ved Nils Vindenes. Kollekt på møta.

Onsdag: song ved Laila Eide og Inger Lise Håland

Torsdag: song ved Anne Dysjeland Rød, nattverd etter møtet.

Fredag: song v/Holdhus og Eikelandsosen musikkkor.

Laurdag: song ved Ingunn Nedreberg, frie vitnesbyrd, enkel bevertning etter møtet

Søndag: song ved Mariann og Dag Andersen

Påskemøter som skildrar Kongens veg opp til Jerusalem

Det byrja med jubelrop då Jesus kom ridande på eit esel opp til Jerusalem. Fortsetjinga på denne historia blir vidare skildra i ein møteserie i påska, hos Holdhus Kristne Forsamling der talaren i år er Nils Vindenes frå Hagavik. Fem kveldar på rad vil han leggje ut skriftene om kva som skjedde med Jesus på denne ferda, og kva desse hendingane har å seie for oss i dag.

Ein må tilbake til 80-talet sist gong han var påsketalar på Holdhus. I denne perioden stifta han mykje kjennskap med folk frå Fusa. Mange gler seg over at han og kona, Marit, kjem tilbake til Holdhus i påska.

I hovudsak inneheld påskemøta tale, fellessong, og musikkinnslag frå enkeltpersonar og kor. Vanlegvis er det folk frå alle aldersgrupper som kjem. Det er også born med på møta sjølv om møta er lagt til kveldstid. Påskemøta ber også preg av at langvegsfarande folk, som er på påskeferie, tek turen innom. Uansett om du er her på påskeferie, er heime i påska, om du er vane med å gå på møte eller ikkje:

Velkomen til påskemøta!

Beste helsing frå Holdhus Kristne Forsamling