— Det ser jo ganske bra ut, seierGunnar Livik, vakthavande meteorolog på Vervarslinga på Vestlandet.

Det han snakkar om er førstkomande helg, palmehelga, som innleier påskeferien for mange.

— Det ser ut til å bli austavind og stort sett klårvêr, og litt kjølegare. Det ser ikkje ut som at det er noko nedbør i sikte i helga i alle fall, seier han.

Det blir som Livik nemner ikkje særleg varme førebels. I Bergen kan folk rekne med nokre få plussgrader på dagtid, medan det blir frost om natta. Lenger inne i landet blir det minus på dagtid òg.

Verna av høgtrykk

Sjølv om det er lenge til neste helg, meiner Livik spådommen er rimeleg sikker.

— Det er eit høgtrykk over Grønland med høgtrykksrygg som går ned til vest for Storbritannia, som blokkerar for nye lågtrykk frå vest. Så har vi eit høgtrykk i aust som sender vind. Det er ein grei og stabil situasjon å varsle, seier han.

Korleis vêret vil bli resten av påska tør han likevel ikkje å spå.

Skyer på Austlandet

Finevêret vil dekkje dei viktigaste utfartsstadene vil langs heile Vestlandet, men dei som har tenkt seg austover må rekne med meir skyer, fortel Livik.

— Det blir meri skyer austafjells når det er austleg vind, så Vestlandet ser ut til å vere veldig heldig i palmehelga i alle fall, seier han.

Først vind, så roleg

Det er heller ikkje varsla særleg med vind i palmehelga, for den som har tenkt å kjøyre over fjellet.

Før den tid er det likevel nokre dagar med ruskevêr på vidda.

— Vi har ei obs-varsel måndag med lokalt vanskeleg kjøreforhold på fjellovergangane på grunn av nysnø og sterk vind, seier han.

Vinden vil likevel roe seg ned onsdag.