— Me må snu kvar einaste stein for å frigjera pengar til pasientbehandling. Pengar til transport blir tatt frå samme budsjett som pengar til behandling, seier seksjonsleiar Guttorm Brattebø ved Akuttmedisinsk seksjon i Helse Bergen, som har ansvaret for all pasienttransport.

Haukeland og Haraldsplass

Frå 14. juli innfører helseføretaket derfor samkøyring for alle pasientar som blir transportert ut frå Haukeland Universitetssjukehus og Haraldsplass Diakonale Sykehus.

I praksis betyr dette at ein pasient som for eksempel skal i retning Flesland først får taxi når det kjem ein annan pasient som skal same veg. Men Brattebø lovar at ventetida ikkje skal bli lengre enn éin time.

— Kjem det ingen som skal i di retning innan ein time, får du taxi åleine, seier Brattebø.

Men dersom du av medisinske årsaker treng eigen taxi, skal du framleis få det.

— Det blir opp til legane å vurdera om pasienten treng eigen taxi, eller ikkje, seier seksjonsleiaren.

70 millionar kvart år

Han understrekar vidare at det er mykje pengar å spara på tiltaket.

— Helse Bergen bruker meir enn 70 millionar kroner på pasienttransport kvart år, noko som går utover behandlingstilbodet. Dette kan kanskje verka som småpengar på folk, men det utgjer mykje samla sett, seier han.

Administrerande direktør i Bergen Taxi, Jan Valeur, fryktar at ventetida kan bli lang for enkelte pasientar.

— For oss er det viktig å få formidla til kundane våre at det ikkje er Bergen Taxi sin feil at ventetida blir lengre. Når det er sagt, har me full forståing for at Helse Bergen innfører samkøyring, seier Valeur.

700-800 turar kvar dag

— Men dette betyr vel tapte inntekter for dykk?

— Ja, kundevolumet vil gå noko ned, men me treng også å frigjera kapasitet. Så det vil ikkje få så store konsekvensar. I snitt køyrer me 700-800 turar med Helse Bergen-pasientar kvar dag, seier taxi-direktøren.

Guttorm Brattebø i Helse Bergen meiner samkøyring også vil kunna minska trafikkpresset i området rundt Danmarks plass i samband med bygginga av Bybanen.

— Færre bilar på vegane vil vera gunstig for alle, seier han.

Kva meiner du om det nye samkøyringstiltaket? Sei di meining her.

MÅ DELA MED ANDRE: Helse Bergen-pasientar får ikkje lenger vera åleine i drosjene til Bergen Taxi. ARKIVFOTO: RUNE BERENTSEN
KUTTAR: Seksjonsleiar Guttorm Brattebø i Helse Bergen håpar å spara store pengebeløp på å samkøyra pasienttransporten. ARKIVFOTO: BJØRN ERIK LARSEN
FRYKTAR LANG VENTETID: - Me forstår at Helse Bergen vil spara pengar, men det vil slå ut i lengre ventetid for ein del pasientar, seier administrerande direktør i Bergen Taxi, Jan Valeur. ARKIVFOTO: RUNE BERENTSEN