Både Folgefonn Distriktspsykiatriske Senter, psykiatrisk klinikk i Førde og Nordfjord psykiatrisenter er heilt i landstoppen når det gjeld brukarane sine erfaringar med tilbodet ved klinikkane. I andre ende ligg Indre Sogn psykiatrisenter, Stord Distriktspsykiatriske Senter og Hospitalet Betanien i Bergen.

Helse Vest kjem nest best ut av helseregionane. I dei tre vestlandsfylka er pasientane mest nøgde med tilbodet dei får i Helse Førde og Helse Fonna.

Det er Nasjonalt kunnskapssenter for helsetjenesten som har utført undersøkinga, og det er første gong alle helseregionane er saman om ei pasientundersøking. Granskinga er gjort ut frå svar på spørjeskjema som er sendt heim til pasientar som var til poliklinisk konsultasjon i september månad i fjor. Dei tre hovudområda som er undersøkte er informasjon, forhold til behandlar og utbyte av behandlinga.

Undersøkinga viser klart at det pasientane er minst nøgde med er informasjonen. Ein annan konklusjon er at kvinner gjennomgåande er meir nøgde enn menn.

Ei liknande undersøking blei gjort i Helse Vest i fjor. Den gongen kom Indre Sogn psykiatrisenter ut med best resultat. No ligg dei heilt på botnen.

— Den markerte tilbakegangen for Indre Sogn kjem overraskande, konstaterer Ole Christian Reusch, direktør for psykisk helsevern i Sogn og Fjordane. Det blir no sett i verk tiltak for å heve kvaliteten på psykiatribehandlinga i området.