Det var då den eldre kvinna skulle leggje seg at ulukka skjedde. For å få kvinna opp i senga, nytta dei tilsette ved sjukeheimen ein pasientløftar.

Under løftet fall sjukeheimspasienten ut av løftaren. I fallet slo kvinna hovudet hardt mot golvet, og miste straks medvitet.

Frå sjukeheimen blei ho send til sjukehus der legane konstaterte store indre blødingar som ein følgje av fallet. Ho døydde seinare av skadane.

— Hendeleg uhell

Sjukeheimen melde sjølv frå om dødsfallet, slik dei pliktar å gjere.

— Basert på dei opplysningar vi har fått, ser vi på denne saka som eit hendeleg uhell. Vi kan ikkje sjå at det verken er gjort feil av dei sjukeheimstilsette eller systemfeil, opplyser fylkeslege Petter Øgar.

Til Bergens Tidende seier Øgar at kvinna hadde sete framme i ein stol. For å få ho tilbake i senga blei det brukt ein løftemekanisme som vanlegvis blir nytta til pasientar som ikkje sjølv klarer å gå på toalettet.

— Dette var ein pasientløftar som sjukeheimen har hatt i lang tid, seier fylkeslegen.

— Korleis kan noko slikt skje?

— Kva som konkret skjedde i dette tilfellet veit vi eigentleg ikkje. Saka er rutinemessig meld til oss. Sidan dette no er ei sak politiet handterer, har vi ikkje funne grunn til å gå ut og hente inn ytterlegare opplysningar.

Ingen sikta

Statens helsetilsyn i Sogn og Fjordane reknar med at den vidare politietterforskinga vil avdekke kva som skjedde. Basert på den informasjonen fylkeslegen har fått, har dei vurdert det slik at det ikkje er aktuelt å reise tilsynssak mot tilsette ved sjukeheimen.

— Det får bli opp til politiet å avgjere om dette er ei sak dei meiner skal forfølgjast strafferettsleg. Politiet har bedt oss om ei fråsegn til si etterforsking, og det har vi gitt, seier Øgar.

Politiet i Sogn og Fjordane har avhøyrt fleire vitne, og henta inn dokumentasjon og rapportar knytt til dødsulykka.

— Saka er i utgangspunktet ferdig etterforska, og sendt til påtaleansvarleg for vurdering. Eg kan ikkje seia kor lang tid det tek før saka er avgjort, seier politiinspektør Ronny Iden i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Han understrekar at det ikkje er uvanleg at politiet etterforskar dødsulykke.

— Det treng ikkje væra mistanke om noko kriminelt for at vi skal etterforska ei slik ulykke, seier Iden.