— Det er hòl i hovudet at det skal gå an å køyra folk på traktorsvans og ikkje i ein bårebil, seier Sverre Johnny Bjellebø.

På tunet står traktoren med steinsvansen som i vinter fungerte som båretransport for ein alvorleg sjuk nabo.

Midt på natta blei Bjellebø oppringd av AMK. Luftambulansen trong nokon som kunne lysa og visa kor det var trygt å landa. Helikopteret kunne ikkje landa nær huset til den sjuke. Traktor blei difor einaste løysinga ute på bakkane.

— Eg hugsar det var mørkt og kaldt. Me la båra på steinsvansen. Eg køyrde medan luftambulansen sine folk gjekk ved båra, fortel Bjellebø.

- Trudde det var enkelt

Han er tredje generasjon taxisjåfør på Borgundøy i Kvinnherad. På øya med kring 120 fastbuande har dei i alle år måtta improvisera, når folk blir sjuke. Dei siste 25 åra har ein Mercedes stasjonsvogn fungert som bårebil.

— Farfaren min kjøpte den Mercedesen for å få plass til båre. Eg har årleg 10-12 båretransportar. Me kan ikkje halda fram med slike improvisasjonsløysingar kvar gang, seier Bjellebø.

Difor har han for eiga rekning kjøpt ein 1996-modell ambulanse med båre og tilrettelagd plass for helsepersonell. I garasjen står bilen tørt med kupévarmar, motorvarmar og batteriladar; Klar til å frakta sjuke til ambulansebåten eller til luftambulansen.

— Eg trudde eg gjorde det enkelt ved å kjøpa den bilen.

- Ei krisemaksimering

Helse Fonna kan likevel ikkje ta i mot gåvepakka.

— Det er ingen heimel i lovverket som tillet å registrera taxiar med bårer. Dette er ei utfordring me har opp mot vegstyresmaktene, seier Svein Jensen, einingleiar for ambulansetenesta i Helse Fonna.

— Korleis skal sjuke på øyar fraktast?

— Me har mange øysamfunn i Helse Fonna som ikkje har ambulanse. Me har ein plan der me brukar ambulansebåt eller luftambulanse.

— Luftambulansen kan ikkje landa alle stader, båtar kan ikkje køyra på land. Korleis skal pasientar då koma seg fram?

— Eg er fullstendig klar over problemet, men me lever i eit land der geografien set grenser.

— Kva synest du om sjuketransport på traktorsvans?

— Det vil vera ymse løysingar, men dette er ikkje noko unormalt andre stader i landet. Det bur folk på Røvær og Feøy der det ikkje ein gang er vegar. Situasjonen er også den same for Helse Bergen som har ansvar for mange øysamfunn, seier Jensen. Han føler denne saka er ei krisemaksimering.

— Dette har aldri vore eit tema før no. Det er vel fordi nokon har kjøpt ein bil og ikkje får brukt han, kommenterer han.

- Vakt 24 timar i døgeret

Det avviser Sverre Johnny Bjellebø.

— Nei, dette er eit tema fordi eg vil ha ein bil som er forsvarleg og lovleg å køyra sjuke menneske i. Blir det ikkje ei løysing no, må eg sjølvsagt selja bilen, men då finst det ikkje bilar att med plass til båre, seier Bjellebø, som er einaste taxisjåfør på øya.

Han meiner ordninga i dag er basert på dugnad og goodwill. Sjølv om tida for å tinga sjuketransport går ut klokka 19 om kvelden, kan han ikkje nekta å hjelpa dersom AMK eller lege ringjer midt på natta og ber om båretransport.

— I praksis har eg vakt 24 timar i døgeret utan at det er kontraktsfesta og utan at eg får kompensasjon for det.

Verst er kjensla over å måtte strekkja strikken og køyra ulovleg med den uregistrerte ambulansen. Det har skjedd heile tre gonger dei tre siste vekene.

— Eg likar det ikkje, men må ein så må ein.

ALTERNATIV SJUKETRANSPORT: I nøden kan både trillebår og traktorsvans nyttast til å frakta sjuke menneske, men taxisjåfør Sverre Johnny Bjellebø på Borgundøy får ikkje lov til åfrakta pasientar i denne ambulansen frå 1996. ¿ Hòl i hovudet, meiner Bjellebø.
LENA VERMEDAL