Medan lensmann Erik Folland og fem andre låg og sov, blei det forsøkt sett fyr på ein materialstabel i kjellargarasjen.

Lensmann Arnt Johny Langeland i Askvoll leiar etterforskinga, og er sikkert på at dei har med ei brann-stifting å gjere. Politiet meiner mellom anna at ei brennbar væske er brukt for å få fyr på materialstablen. Fleire personar har i helga blitt avhøyrde om eldspåsetjinga.

Det var naboar som oppdaga brannen. Dei fekk varsla familien som sov, og brannen var sløkt før brannvesenet kom på plassen.