Advokat Jahn Knapstad, som representerer familien, seier at både foreldra og bror til 19 år gamle jenta frå Seljord kommune i Telemark vil vere til stades under rettssaka.

Av tiltalen går det fram at det vil bli lagt ned påstand om erstatning og oppreising. Til Bergens Tidende seier Knapstad at erstatningskravet vil liggje på same nivå som i Førde-drapet. Der fekk foreldra til Anne Slåtten tilkjent 120.000 kroner kvar i oppreising. I tillegg kjem krav om å få dekka økonomiske tap.

— Familien er påført eit tap som er uoppretteleg, seier advokaten.