Nære slektningar til alle dei seks sjukeheimpasientane som kommunen har bestemt skal overførast frå Lavik til Kyrkjebø kommande torsdag, samla seg i går kveld for å drøfte kva dei skal gjere. På møte var det full semje om å nekte kommunen å flytta pasientane.

— I første omgang vil vi gje kommunen skriftleg melding om at vi ikkje aksepterer dette. I tillegg vil vi be kommunen klargjere vedtaket som er fatta, seier Kjell Bjørkhaug.

— Men no seier helse- og sosialsjefen at dei seks skal overførast 14. mars. Kva vil bli gjort når kommunen kjem for å hente pasientane?

— Det har vi våre tankar om. Men det vil vi ikkje gå ut med no.