— Dette er kvardagen for dei pårørande, seier generalsekretær Jan Erik Thoresen i Landsforbundet Mot Stoffmisbruk. - Vår undersøking viser at svært mange blir utsett for vald og lever i konstant frykt.

Undersøkinga er utført av forbundet i samarbeid med Ullevaal sykehus i Oslo, og viser mellom anna at over 20 prosent av dei pårørande har blitt fysisk skadde av stoffmisbrukarar i familien. 30 prosent er blitt truga for pengar, 22 prosent har opplevd å bli truga på livet.

Av dei som vart drapstruga, fekk fysiske skader eller var i handgemeng med sine næraste, karakteriserer meir enn 25 prosent påkjenninga som «stor» eller «ekstrem».

— Dette er eit stort og godt skjult problem, og vi har all grunn til å tru at tilhøva faktisk er langt verre enn undersøkinga viser, seier Thoresen. - Dei som har svara er folk som har erkjent og har arbeida med problema. Dei som lever med desse problema i det skjulte har det garantert enda verre. Vi snakkar om familiar som blir ruinerte, om titusenvis av menneske som lever i konstant frykt for sine eigne barn.

Thoresen fortel om svært mange som kvir seg for å søke hjelp eller melde forholda til politiet.

— Dette er dine eigne barn, og det skal mykje til for å gå til det skrittet å politimelde dei, seier han.

Nesten 90 prosent av dei spurte i undersøkinga svarer at livskvaliteten deira i «stor» eller «ekstrem» grad er avhengig av om misbrukaren i familien er i ein god eller dårleg periode. Vidare viser undersøkinga at fleire fedre enn mødre vel å bryte kontakten med sitt stoffmisbrukande barn.

Landsforbundet Mot Stoffmisbruk tilbyr mellom anna rådgjeving til foreldre som ønskjer å avgrense arveretten til barna. Forbundet har meir enn 6.000 medlemmer i 70 lokalforeninger og 11 fylkeslag.