• Først vart flyankomsten utsett, og så forsvann den berre frå tavla, seier Owe Hegstad. Han er forbanna på dårleg informasjon under naudlandinga i går.

Det var vel så dramatisk for dei som stod å venta, som dei som var om bord, då eit Norwegian-fly på veg til Bergen i går måtte snu og naudlande på Gardermoen.

— Først stod det på tavla at ankomsten var utsett til 17.26. Så berre forsvann flyet frå ankomsttavla, seier Owe Hegstad.

Han var ein av dei som stod å venta på nokon på Norwegian-flyet som eigentleg skulle ha landa på Flesland 16.30 i går. Først klokka 20 kom dei fram, men då hadde dei fått sin dose drama for denne jula.

Les: Frykta naudlanding

Støkk frå høgtalaren

Passasjerar fortel at avgangen først vart ein time forsenka, men først etter nær ein halv time vart det dramatisk.

— Kapteinen sa «Cabin Crew emergency detection». Så gjekk det nokre sekund, og så datt oksygenmaskene ned, fortel ein passasjer.

— Etter å ha floge i 20-30 minutt fall trykket i kabinen så mykje at oksygenmaskene datt ut. Dette skjedde like over Geilo. Flyet gjekk då ned i 10.000 fots høgde og flaug i den høgda tilbake til Gardermoen, seier informasjonsdirektør Anne Grete Ellingsen i Norwegian.

Flyet var av typen Boeing 737 300 og hadde ifølgje Ellingsen 117 passasjerar om bord. Etter ruta skulle flyet tatt av frå Gardermoen kl. 15.30, men av uviss grunn letta det først kl. 16.29.

Tre av passasjerane valde å bli igjen i Oslo, medan resten tok eit nytt Norwegian-fly tilbake til Bergen.

Ingen informasjon

Håkon Kaland, som reiste saman med dottera Mina, opplevde det heile som ein smule dramatisk.

— Du fekk nokre minutt å tenkje gjennom tinga. Det var jo litt som ein film, seier han.

Både han og andre passasjerar vi prata med då dei kom tilbake til Flesland med eit nytt fly klokka 20, fortel at dei fekk vite av Norwegian at flyet mista kabintrykket på grunn av ei defekt pakning i ei lasteluke.

Kaland seier passasjerane fekk god informasjon, medan dei som stod å venta på sine slett ikkje er så nøgd.

— Etter at flyet forsvann frå tavla fekk vi ingen ytterlegare informasjon, korkje frå Avinor eller Norwegian. Avinor skulda på Norwegian, og omvendt om kven som hadde informasjonsplikta, seier Hegstad, og får støtte frå Dan Nordal som venta på søstera Hilde Nordal.

— Eg fekk vite kva som hadde skjedd fordi ho sende ein SMS. Eg trur det var slik dei fleste fekk vite det, via passasjerane, seier han.

ENDELEG HEIME: Heile familien hadde møtt fram, då Hilde Nordal endeleg kom fram til Flesland etter ein noko dramatisk flytur med Norwegian. Familien fekk først vite kva som hadde skjedd då ho sende ei SMS-melding.
Deisz, Ørjan