Før jul vil det bli to nye parkeringshus for syklar midt i Bergen sentrum, eitt ved Rådhuset og eitt på Nøstetorget. Parkeringshusa skal kunne romme 48 syklar kvar, og det vil bli eit automatisk låssystem for dei som teiknar abonnement.

— Dei vil vere på plass i løpet av desember. Me tenkjer oss at ein vil kunne teikna abonnement på ein månad, tre månader eller eventuelt seks månader, seier overingeniør Per Henning Berle i trafikketaten i Bergen kommune.

Forsøksordning

Låssystemet vil bli styrt via mobiltelefonen, der døra til garasjen vil opne seg når ein ringjer eit bestemt nummer. Prisen for eit abonnement er så langt ikkje bestemt. Dei to parkeringshusa er ei forsøksordning, og kommunen har planar om å utvide med fleire garasjar, samt å byggje ut dei to første.

Elisabeth Stiegler Folgerø har parkert sykkelen midt i sentrum, og er ikkje så redd for sykkeltjuvane.

— Eg er ikkje så bekymra. Ein må jo vere litt lur og ikkje låse frå seg ein veldig dyr sykkel. Det er bra at det kjem parkeringshus, men eg vil ha fridomen til å parkere kor som helst.

Formidabel auke

Men at det er behov for trygg sykkelparkering i Bergen har knapt vore så tydeleg som no. Så langt i år har Bergen sentrum politistasjon registrert 561 politimelde sykkeltjuveri. Det er meir enn 40 prosent meir enn same periode i fjor, då talet var på 391.

— Det har vore ein formidabel auke. Me veit også at talet er mykje større enn dette, då det er mange som ikkje ser noko poeng i å politimelde sykkeltjuveri, seier politioverbetjent Johnny Horne i bergenspolitiet.

Horne trur sikre sykkelgarasjar kan vere eit godt bidrag til å få ned tala.

— Eg trur absolutt at det kan redusere tala, då me veit at tjuvane ikkje vil stå og bryte og vende for mykje. Dei syklane som vert tekne er i hovudsak dei som er dårleg låst og står rett framføra nasen.

Politiet har ikkje noko teori på kvifor det har vore så mykje sykkeltjuveri i år, men trur mykje av tjuveria stammar frå rusmiljøet.

— Det er ei stor gruppe rusmisbrukarar som tar syklane frå A til B og slenger dei frå seg.

Hindrar sykkelbruk

Sykkelsjef i Bergen kommune, Einar Grieg, jobbar for å få flest mogleg til å bruke sykkelen til jobb. Sykkeltjuvane gjer ikkje jobben hans lett.

— Det er jo tragisk med alle tjuveria, for det hindrar veldig mange frå å bruke sykkel i kvardagen. Anten får folk syklane sine stelt, eller så er dei redde for å få det. Det skapar ein dobbel innverknad.

Grieg trur sykkelparkeringshus kan vere løysinga på problemet.

— Dette vil forbetre parkeringstilhøva for sykkel generelt, men det vil også bli langt tryggare å parkere. Me har sett frå private arbeidsplassar at dette fungerer.

— Er det trygt å parkere sykkelen i sentrum i dag?

— Eg trur det er veldig forskjell på parkering på dagtid eller om ein parkerer over natta. Skal du nokre ærend i byen, og har ein lås med god kvalitet, så går det som regel heilt fint. Men faren aukar merkbart om ein lar den stå ute i fleire dagar, seier Grieg.

Frå før av finst det liknande sykkelparkeringsanlegg ved Bystasjonen og Jernbanestasjonen, i regi av Hordaland fylkeskommune og Jernbaneverket.

IKKJE BEKYMRA: Elisabeth Stiegler Folgerø er ikkje redd for å låse sykeklen frå seg midt i gata, men ville ikkje gjort det med ein dyr sykkel.
Jonas Sætre