Plantesjukdomen er blant dei mest skadelege sjukdommane på eple og pære i verda. No er den for første gong oppdaga nord for Sognefjorden.

— Funnet blei verifisert av Bioforsk Plantehelse 29. september, seier distriktssjef i Mattilsynet, Trine Hellan.

Pærebrannen blei oppdaga i ein privathage i Florø kommune. No er planten fjerna, men Mattilsynet vil følgje nøye med på området framover.

— Det var overraskande at funnet vart gjort i Florø, vi har ikkje forklaringa på kvifor det har kome dit. Det var dette vi frykta, seier Hellan.

Uroa for fruktdistrikta

Bergen er ein av stadene som er mest utset for pærebrann. Her blei sjukdommen første gong oppdaga i 2005, og sidan har Mattilsynet drive ein førebyggjande ryddeaksjon mot pærebrann. Det ein fryktar aller mest er at bakteriesjukdommen skal spreie seg til fruktdistrikta i Indre Sogn, Nordfjord og Hardanger.

— Vi må gjere fruktdistrikta meir robuste dersom det spreiar seg meir, og kjem til å halde fram med den førebyggjande ryddinga, seier Hellan.

Sjukdommen sprer seg med insekt og med vassprut over korte avstandar. Les meir om pærebrann hos Mattilsynet.

- Fjern plantane

Mattilsynet oppmodar alle hageeigarar til å hogge ned dei mest mottakelege vertsplantane bulkemispel og pilemispel. Pærebrann hindrar at frukt veks fram, og eit angrep vil difor få store økonomiske konsekvensar for fruktbøndene. Det vil også verke negativt for mangfaldet i hagane våre.

Per i dag er det ikkje noko kjemisk middel som kan ta knekk på bakterien, einaste løysinga er å fjerne planten.

Florø kommune har så langt ikkje vore med i Mattilsynet si nedkjempingssone for pærebrann, men vil bli teken med så snart som råd er, opplyser Hellan.

ann karin nes
ann karin nes