39-åringen vart i går varetektsfengsla for fire nye veker, sikta for drapet på ekskona Ingse Merete Rønnestad. Dommaren fekk blant anna framlagt rapporten frå den judisielle observasjonen, utarbeidd av psykiatrane Siri Nome og Jon Geir Høyersten.

Dei konkluderer med at 39-åringen var fullt ut strafferettsleg tilrekneleg då drapet skjedde, og at han difor kan straffast. Men dei har også vurdert andre sider ved psyken hans. Vurderinga er basert både på samtaler dei har hatt med han i fengselet og på to ringpermar med etterforskingsdokument. Her ligg blant anna dagboka til drapsofferet, der ho har skildra forholdet til eksmannen, og også gitt uttrykk for at ho var redd han.

Er ikkje nøgd sjølv

BT er kjent med delar av innhaldet i rapporten. Psykiatrane meiner 39-åringen lir av personlegdoms-forstyrringar. Han blir vurdert som paranoid og kverulantisk, og det skal i heile tatt vere teikna eit svært lite flatterande bilete av marineoffiseren. Vurderinga av psyken vil bli eit viktig moment når retten eventuelt skal avgjere om 39-åringen skal få vanleg fengselsstreff eller om han skal dømast til forvaring.

39-åringen er alt anna enn nøgd med arbeidet til Nome og Høyersten, noko han også skal ha gjort klart under fengslingsmøtet i går. Han meiner grunnlaget psykiatrane har hatt både er tynt og farga av historier venner av ekskona har fortalt til politiet. Det gjeld særleg episodar knytta til barnefordelingssaka og dei andre rettstvistane mellom dei to etter skilsmissa.

Kontaktar kommisjon

Siri Nome og Jon Geir Høyersten skal ha gjennomført berre eit par samtaler med den drapssikta, før han valde å ikkje samarbeide vidare. Dei skal heller ikkje ha fått spesielt mykje ut av han i samtalene dei hadde.

— Klienten min har ein del merknader til rapporten. Han meiner han er utforma slik at han kan bli brukt mot han. Merknadene vil bli sendt til den rettsmedisinske kommisjonen, seier Brynjar Meling, som forsvarer 39-åringen. Han vil ikkje gå inn på detaljane i rapporten.

Den rettsmedisinske kommisjonen har oppsyn med arbeidet til rettspsykiatrane, og får automatisk oversendt alle rapportar etter judisielle observasjonar.

Til statsadvokaten i juli

Den sikta marineoffiseren nektar framleis all kjennskap til drapet på ekskona 4. mars i år. Han seier han ikkje hugsar noko som helst frå denne dagen, men avviser at han kan vere drapsmannen.

Han har ennå ikkje vore villig til å forklare seg for politiet.

Politiinspektør Svein Erik Krogvold reknar med å levere politiets innstilling til statsadvokaten i løpet av dei neste fire vekene. Etter at rettspsykiatrane fann 39-åringen strafferettsleg tilrekneleg, synest det klart at politiet vil be om tiltale for overlagt drap. Det blir riksadvokaten som tek endeleg stilling til tiltalespørsmålet.

MISNØGD: - Klienten min meiner rapporten er utforma slik at han kan brukast mot han, seier forsvarar Brynjar Meling (til høgre). Politiførstebetjent Jens Ekmann og dei andre drapsetterforskarane reknar seg snart ferdige med sitt arbeid.<p/> EIRIK BREKKE (foto)