Politiet i Sogn og Fjordane fekk fekk klokka 14.20 melding om ei ulukke med ein paraglider.

Ein mann i femtiåra fall ned ved Naustdal. Han låg ulendt til og vart henta av luftambulanse.

Vindkule

Mannen hadde flydd i ca 30 min. då ulykka skjedde. Det var aukande vind på staden og vitner har opplyst at han var teken av ei vindkule. Saka vert vidare etterforska av politiet i Førde og Naustdal, opplyser politiet.

— Han skal vera ein erfaren flygar, fortel operasjonsleiar i politiet, Einar Vereide.

Mannen er ikkje heimehøyrande i Sogn og Fjordane, men politiet vil ikkje gå ut med fleire opplysningar før pårørande er varsla.

- Var klar

— Han var så klar at han kan varsla sjøl. Vi må berre gi han litt tid, seier Vereide.

Ved AMK i Førde vert det førebels ikkje sagt noko om kor skadd mannen er etter fallet.