Steinslands nærmaste familie var på ulukkesstaden ved Rena i går, og følgjer soldaten heim i dag.

Vegar Steinsland, som ville fylt 20 år neste onsdag, var dragon i kavaleriet og var på øving med Kampvåpenets utdannings— og kompetansesenter og HM Kongens garde då han fekk kanonløpet på panservogna han sat i hovudet. Ulukka skjedde på Rena leir sitt skyte- og øvingsfelt på Rødsmoen i 19-tida torsdag.

Lege kunne etter kort tid konstatera at 19-åringen frå Mosterhamn på Bømlo var død av hovudskadane. Stridsvogna skulle flyttast i skogsområdet då kanonløpet støytte saman med eit tre og skifta retning. Ifølgje politiet stod soldaten i ei luke i panservogna då kanonløpet slo imot han.

Dobbel gransking

Politiet har sett i gong full gransking av ulukka.

— Vi har rutinemessig sett i gong teknisk og taktisk etterforsking, blant anna for å finne ut om det ligg menneskeleg svikt bak ulukka, seier politiadvokat Cecilie Wiik ved Hedmark politidistrikt til BT.

Ho understrekar at det for tida ikkje er mistanke om at det ligg straffbare forhold bak hendinga.

Forsvaret startar måndag si eiga gransking.

— Det er ei kvar militæravdeling sitt mareritt å mista ein medsoldat under øving. Tragedien har treft oss hardt, seier sjefen for Kampvåpenets utdannings- og kompetansesenter, Robert Mood til Bergens Tidende.

Pårørande til Vegar Steinsland kom fredag til Rena for å ta del i ei minnestund for den omkomne, og for å få informasjon om tragedien. Det er vel 1200 soldatar og offiserar knytt til Rena leir.

Steinsland kom inn til førstegongsteneste i august i fjor. Øvinga, som skulle halda fram fredag, blei straks avbroten etter ulukka. Det var ti andre soldatar i panservogna då Steinsland forulukka. Både dei og andre i Rena leir fekk oppfølging av prest etter hendinga.

Avdeling i sjokk

— Heile avdelinga er i sjokk over det som hende. Oppi tragedien er vi heldige som har gode ressursar til å handtera slike kriser, med prest, lege og psykiatrisk personell, seier presse- og informasjonsoffiser i Kampvåpenets utdannings- og kompetansesenter, Bjørn Myrseth til Bergens Tidende.

— Familien til den omkomne vil også få møta dei ti andre som var i panservogna. Fredag kveld var det også samtalegrupper i leiren, med prest og helsepersonell til stades, seier Myrseth.