Pappa får framleis vere med på fødselen og i timane etterpå. Men han kan ikkje lenger bu saman med mor og barn, og må kome på besøk i visittida. Frå 1. mai er det nemleg slutt på familierom på Kvinneklinikken i Bergen.

Årsaka er eit stramt budsjett. KK må spare sju millionar kroner, som inneber å nedbemanne med 22 årsverk.

Ikkje meir pengar

— Dette er heilt sløvt, rett og slett på trynet. Slik vi opplevde det har ikkje KK ein gond tid til å ta seg av mødrene. Då er overnatta kunne i det minste eg hjelpe til. Og eg syntes det var fint å få vere der saman med dei, seier Audun Bergesen.

Den 24. januar blei han pappa til vesle Markus. Jeanette Halhjem blei mamma til Markus.

Han opplevde at det var alt for få ressursar på Kvinneklinikken.

— Vi synest ikkje at dette er enkelt, og ønskjer det heller ikkje. Men vi har ikkje pengar til meir, og må konsentrere ressursane om det aller viktigaste. Det betyr ikkje at dette ikkje er viktig, men vi har ikkje nok personale til å oppretthalde same tilbod som før, sier klinikkdirektør Britt Eide ved Kvinneklinikken på Haukeland universitetssykehus.

Til ei kvar tid bur det i dag mellom 20 og 30 fedrar på KK. Etterspørselen er større enn tilbodet, og helst ville endå fleire ha familierom. No blir tilbodet fjerna. Frå mai vil det vere to barselpostar på KK.

Den eine skal brukast til dei aller sjukaste. Nokre av desse kan bu på einerom, men dei fleste må dele rom. Den andre posten er for dei friskare. Der blir det heller ikkje familierom.

Saken fortsetter under videoinnslaget.

Familierom blir tomannsrom

I tillegg blir dei seks familieromma på Storken omgjort til tomannsrom, slik at det blir plass til dobbelt så mange mødrer. Samtidig blir barselloftet lagt ned. Klinikkdirektøren er budd på reaksjonar.

— Samtidig trur eg at folk er godt informerte og forstår situasjonen. Dei som kjem til å merke konsekvensane mest, er dei som i størst grad kan klare seg sjølve, seier Eide.

— Men dette er ei nødvendig tilpassing. Vi har ikkje pengar til meir.

Hva synest du om at far ikke før bu saman med mor og barn etter fødselen? Kommenter her!

BTV