Dette er blant ingrediensane i straffesaka mot ein 56-årig nordfjording som politiet meiner kan ha svindla samfunnet for millionar.

For det var eit herleg samansurium av tvilsame transaksjonar, underlege utanlandske selskap, falske underskrifter, stempel og dokument som kom på bordet i Fjordane tingrett.

Bruktbilar og polakkar

På tiltalebenken sit ein 56-årig nordfjording som blant anna nektar straffeskuld for å ha drive storstila svindel ved bilimport, samt utleige av polske arbeidarar utan å betale korkje skatt, moms eller arbeidsgjevaravgift.

Bortsett frå på nokre punkt om dokumentfalsk, meiner mannen å ha plausible forklaringar på kvifor han ikkje bør dømmast.

Etableringa av NUF-selskapet (Norsk Utanlandsk Føretak) The Nova Group Ltd. står sentralt i saka. Politiet meiner NUF'et er oppretta ved hjelp av eit forfalska dokument om morselskapet i Gibraltar.

Problemet er at korkje politiet, Økokrim, skattefuten eller revisjonsfirmaet Dun & Bradstreet har klart å spore opp morselskapet. Dermed meiner påtalemakta at mannen i realiteten har drive eit vanleg norsk enkeltmannsføretak, men utan å føre rekneskap, betale skatt, moms og andre lovfesta avgifter – frå starten i 2004 fram til politiaksjon og konkurs sommaren 2007.

Rekonstruerte dokument

– The Nova Group er eit internasjonalt selskap som tek sekund å søkje opp på nettet, sa mannen i si forklaring.

Men i skatteparadiset Gibraltar stemmer ikkje firmanamn og firmanummer overeins, har politiet funne ut. Dette skuldast ifølgje tiltalte rot med firmaregister og overgang til data i den tidlegare engelske kronkolonien.

– Hundrevis av selskap opplevde det same, sa tiltalte. – Eg rekonstruerte eit faktisk dokument, fordi det var uråd å få det ut i Gibraltar.

Han stod fast på at morselskapet faktisk eksisterer.

Ettersom mannen hevdar at han budde i utlandet i perioden tiltalen omfattar, og at han representerte eit utanlandsk selskap i Norge, fann han det aldri naturleg å føre rekneskap.

– The Nova Group NUF leigde ut polsk arbeidskraft i Norge, sa mannen, som har drive diverse forretningar og budd i Spania sidan seint 1980-tal.

I retten stiller han med to forsvararar, advokat Reidar Blom og advokat Per Kjetil Stautland. På motsett side sit aktor, politiadvokat Terje Gjertsen saman med Per Arne Kaldberg frå Økokrim og politioverbetjent Isak Husevåg.

Tiltalte erkjenner blant anna å ha forfalska dokument, inkludert eit som var bevis i retten i ei tidlegare straffesak mot mannen. Over 20 vitne skal forklare seg, og saka skal gå fram til fredag i neste veke.