Under ein stille hytteeigarprotest mot bompengane, markerte braket av første salva på Tunsbergtunnelen oppstart på dei to første vegprosjekta i Vossapakko i dag.

Når sant skal seiast, er det alt gjort ein del førebuande arbeid både ved Mønshaugen og ved begge endane av Tunsbergtunnelen som fører stamvegtrafikken utanom hårnålsvingane ved Skjervsfossen.

Har tjuvstarta — Skal vi vera heilt ærlege, så er det ikkje den første salva som går no, men den andre, vedgjekk Statens vegvesen sin prosjektleiar for Vossapakko, Lars Magne Røneid.

— Slik går det når entreprenøren er ivrig etter å koma i gang, og vi måtte tidfesta markeringa i god tid, forklarde Røneid.

Den forklaringa kunne Granvin-ordførar Jan Ivar Rødland, som trykte på utløysarknappen, fullt ut akseptera. Han skryt av ei fjern fortid som anleggsarbeidar.

Protest Sinte hytteeigarar demonstrerte misnøye over bompengeordninga med plakatar og ein liten trudelutt på neverlur.

Trafikk mellom Voss sentrum og rundt 150 fritidseigedomar i området Stuaset-Holo må passera bomstasjonen, trass i at heile området ligg i Voss kommune. Grunnen er at sidevegen tek av frå riksveg 13 eit lite stykke inne i Granvin herad.

Grunneigarlaget og velforeininga for hytteområdet krev primært at bommen blir plassert på kommunegrensa.

Redd «lekkasje» Dette er avvist fordi alle då kan unngå å betala bompengar ved å køyra den gamle vegen med hårnålsvingar i Skjervet. Bommen skal plasserast slik trafikken både på ny og gamal veg vert fanga opp.

Subsidiært krev dei fritak for bompengebetaling for alle som har eigedomar i området.

Til no har berre dei to fastbuande huslydane fått fritak, ikkje andre grunneigarar og hytteeigarar. Også friluftsfolk som nyttar området til fotturar og orienteringsløp, må betala.

... og vel så det! Den 4020 meter lange Tunsbergtunnelen får namn etter fjellet i sørenden av tunnelen, nær Seim i Øvre Granvin. Etter opphaveleg plan skulle det vera to tunnelar på strekninga, med veg i dagen mellom, og Tunsbergnamnet var tiltenkt den nedre tunnelen.

— Ein lang tunnel i staden for to korte gir ein betre veg, og det blir like billig - og vel så det, påstod Røneid.

I tillegg til tunnelen skal det byggjast 1200 meter veg i dagen, to bruer og ein kulvert. Samla pris er rekna til 451 millionar kroner, og det er venta at vegen kan opnast sommaren 2012.

Beinare veg Felling av tre og riving av hus er kome i gang på den 3,6 kilometer lange strekninga Mønshaugen - Palmafossen. Her skal massar frå Tunsbergtunnelen nyttast til utbetring, i praksis ny veg til 159 millionar kroner. Pårekna vegopning hausten 2011.

Tunnelen bak Vangen på E16 kan også bli beinare enn planlagt. Nye planar er under arbeid, med berre ei kryssing under jernbanen. Går planprosessen smertefritt, kan ein tunnel til 485 millionar kroner kroner takast i bruk i 2013.

Rassikring ut Nytt kryss på E16 Stanghelle, no prisjustert til 29 millionar kroner, er også med i Vossapakko.

Derimot er ein kort tunnel ved Granvinvatnet teken ut. Rasaktiviteten dei siste åra har vist at det må ein lengre tunnel til, og ein vonar på statsløyvingar frå 2014.

Sei di meining om Vossapakko her.