— Saka er prinsipiell, seier Strømsnes' forsvarar, advokat Mette Cecilie Greve. 52-åringen frå Florø må møte for Sunnfjord tingrett 29. oktober.

Økokrim meiner Strømsnes har brote Verdipapirhandellova, som krev at kjøp av aksjar i børsnoterte selskap skal varslast på børsen seinast dagen etter.

Fredag 8. september innløyste Strømsnes obligasjonar nok til å skaffe seg Pan Fish-aksjar verd ca. 9,35 millionar kroner. Ifølgje 1. statsadvokat Trond Erik Schea i Økokrim skjedde dette utan at transaksjonen vart meld til Oslo Børs. Strømsnes var sjølv styremedlem i det børsnoterte Pan Fish.

— Vi meiner på vår side at det Strømsnes har gjort ikkje er straffbart, fordi det ikkje blir ramma av lovteksten, seier forsvararen hans, Mette Cecilie Greve.

— Lova omtalar kjøp og sal av aksjar, medan det Strømsnes gjorde var å konvertere eit obligasjonslån til aksjar. Dette er ikkje å sjå på som kjøp eller sal. Lovteksten dekker med andre ord ikkje den handlinga som det er tale om. No blir det opp til tingrettsdommar Terje Mowatt å finne ut om Strømsnes' transaksjonar fell inn under lovas definisjon av «kjøp».

Prinsippsak

Ifølgje forsvarar Greve er det første gang dette spørsmålet blir behandla i norsk rett.

— Saka er prinsipielt viktig, for dette er jo ein relativt vanleg måte å handle på i denne marknaden, seier ho.

Sidan denne aksjehandelen skjedde for to år sidan, har situasjonen for Pan Fish endra seg dramatisk. 2000 var året då verdien på Pan Fish-aksjane verkeleg skaut til himmels, og på tidspunktet då transaksjonen skjedde om hausten var Strømsnes' aksjepost i selskapet allereie verd rundt 270 millionar kroner. Strømsnes figurerte også på tidsskriftet Kapitals eksklusive liste over Norges 400 rikaste dette året.

I dag er situasjonen for Pan Fish ASA, som er mellom verdas oppdrettsgigantar, noko annleis. Etter toppåret 2000 med omsetjing på 4,7 milliardar kroner har fallet i lakseprisane blitt meir enn selskapet kunne tåle. I dag står det tilbake skakkkøyrd av milliardgjeld, medan aksjeverdien har falle som eit blylodd.