Om det er bilete frå Pamplona som har inspirert oksen i Sogn og Fjordane, er uvisst. Men i 14-tiden i dag tok han fart og stanga horna i bonden.

— Mannen klaga på smerter i brystet og er frakta til Førde Sentralsjukehus. Arbeidstilsynet er varsla, fortel operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt, politiførstebetjent Einar Vereide til bt.no.

— Var politiet på staden?

— Nei. Å irettesetja oksen er vel ikkje mykje vits i, svarar Vereide.

Sjukehuset i Førde melder at mannen er lettare skadd og er overført til ortopedisk avdeling. Her blir han liggjande til i morgon.