Tavla fungerer på same måten som den tilsvarande tavla som Vegstellet i Sogn og Fjordane har sett opp inne i Lærdalstunnelen. Farten blir målt på bilar som nærmar seg, og like før du køyrer forbi, kjem din fart opp på tavla, målt i kilometer per time.

Tavla i Skulestadmo er plassert rett nedanfor butikken Drageseth Spar og måler farten på bilar som er på veg sørover på E16, i retning mot Voss sentrum og Bergen.

Like etterpå passerer bilane den største barneskulen på Voss, Skulestad skule. I same 60-sona ligg ei rekke faremoment.

Vegstellet ser ein klar samanheng mellom fartsnivå og talet på ulykker. Oppsetting av fartsmåletavler er rekna som eit steg mot «nullvisjonen», det uoppnåelege målet om å unngå alle trafikkulykker.

MÅLER: Slik ser ho ut, fartsmåletavla på Skulstadmo.
Foto: Arne Hofseth