Førstkomande torsdag, 16. august, kjem leiaren av Palestinakomiteen, Line Khateeb, til Norsk Trikotasjemuseum og held foredrag i tilknyting teikneutstillinga "Palestinske barns draumar" som blir vist på Norsk Trikotasjemuseum.

Line Khateeb var i Palestina i sommar, og kjenner godt til kva som skjer i Palestina. Line Khateeb er ein glimrande formidlar, så dette blir spanande, melder dei frå Salhus.

Line Khateeb er frå Flaktveit, og studerer no i Bergen.

Les meir på: www.museumsnett.no/salhus

Foredraget starter kl. 19.00.

Inngang kr 30.

Open kafé