Ulukka skjedde om lag klokka 08.45 i dag like ved Fleischers hotel på Voss.

Ulukka skjedde ved avkøyrsla til NSB sin parkeringsplass. Ein bil som skulle svinga over vegen, og opp på parkeringsplassen, såg ikkje dei to skuterane som kom køyrande mot Bulken.

Den eine av dei to unge jentene greidde ikkje stogga og køyrde inn i bilen. Ho vart etter samanstøyten liggjande i asfalten til ambulanse og lege var komen til staden og fekk henne på ei båre, skriv avisa Hordaland.

— Privatbilen kom frå vest og skulle kryssa vegen opp til Fleischers hotell. Då bilen kryssa vegen kolliderte den med scooteren. Den 17 år gamle scooterføraren vart lettare skadd i kollisjonen. Føraren av bilen, ein 18 år gammal mann, har innrømma skuld i ulukka. Bilen skal ikkje hatt stor fart, seier politioverbetjent Jon Olav Heggseth ved Voss lensmannskontor til bt.no.