Etter å ha drukke ei halv flaske vodka hos vener, bestemte den polske gjestearbeidaren seg for å køyre heim ein desemberkveld i fjor.

Han tok med seg ein kamerat på køyreturen, på riksveg 5 utanfor Florø. 30-åringen var komen halvvegs på den fem kilometer lange heimturen, då han oppdaga at han hadde gløymt nøklane til hybelen. Polakken bestemte seg då for å snu. Først då gjekk det gale.

Hamna i grøfta

30-åringen stod stille, med bilen godt synleg i ei parkeringslomme, då han såg ein bil kome imot han. Han venta på at bilen skulle køyre forbi, men i staden smelte den rett inn i sida på bilen hans.

Gjestearbeidaren sin bil hamna dermed rett i grøfta. Politiet kom til staden, og slik blei promillekøyringa avslørt. Mannen fortalde straks til politiet at han hadde drukke, men at han ikkje kjende seg rusa.

Tilsto til politiet

Blodprøva av mannen viste ein alkoholkonsentrasjon i blodet på 1,98 promille to timar etter køyringa.

No er mannen til 30 dagar i fengsel, og må betale ei bot på 15.000 kroner. Han får ikkje køyre bil før om to år og åtte månader.

I formildande retning blei det lagt vekt på at sjåføren tilstod forholdet.