Politiet fekk melding om trafikkulukka litt over klokka 11 i dag. Den 42 år gamle kvinna klaga over smerter i nakken, og blei frakta til Stord sjukehus.

– Førarkortet til sjåføren blei beslaglagt på staden. Føraren er en ein mann på 81 år, opplyser operasjonsleiar Thor Gunnar Westlye ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Både kvinna og mannen er frå Stord.