No har mannen skader i andletet og ei mogleg knekt nase, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Mannen var ute og gjekk på gang— og sykkelvegen mellom Holenbygget og Flaatengården i Sogndal natt til søndag.

Brått kom der ein bil og køyrde på han. Mannen vart ikkje hardare skadd enn at han i irritasjon klarde å sparka etter bilen.

— Då kom det to-tre menn ut av bilen og banka han opp, fortel Stig Inge Hauge hjå politiet sin operasjonssentral til NRK.

Dermed måtte mannen på legevakten, der ein kunne konstatera skader i andletet og at nasa kan vera knekt.

— Men om skadene skuldast påkøyringa eller valden, er vanskeleg å slå fast, seier Hauge.