Den dagen skal den to og ein halv kilometer lange tunnelen rundt Vossevangen opnast. Dermed kan vossingane glede seg til å gjera julehandelen i sentrumsgatene på Vangen utan gjennomgangstrafikk.

— Alt arbeidet har gått etter planen. Held det fram slik, blir det opning 19. desember, seier byggeleiar Bjarne Løne i Statens vegvesen.

Lys i tunnelen

Tunnelen, som er 2468 meter lang, går frå Svartenakken på vestsida av Vangen til Ringheim på nordaustsida, og ved begge tunnellinnslaga er det laga nye rundkøyringar.

— Heile tunnelen har fått lys, og et meste av utstyret i tunnelen er på plass, seier Løne.

Slitelaget og toppdekket er lagt, og i helga tek arbeidet til med å fresa romlefelt som skal varsla bilistane når dei er i ferd med å kryssa den gule stripa.

Brannøving 4. desember

Løne fortel at dei i midten av november skal starta med prøvekøyring og testing av elektroniske installasjonar som naudsamband, fleksible skilt og andre innretningar.

— Før tunnelen kan sikkerhetsgodkjennast, skal vi også gjennomføra ei brannøving 4. desember.

- Dersom alt går greit, kan de kanskje opna tunnelen tidlegare enn planlagt?

— Nei, det tvilar eg på. Det kan vera godt å ha litt god tid til å sjekka ut at alt fungerer.

Vossapakko snart ferdig

— Tunnelen er siste del av prosjektet Vossapakko i området rundt Vangen, fortel Løne.

Delprosjekt som står att er mellom anna planfritt kryss på Stanghelle, der arbeidet kom i gang i haust. Dessutan skal det i Skjervet byggast stiar, trappar, utsiktspunkt og servicebygg i eit turistvegprosjekt.

Men Jobergtunnelen, som er det største attståande delprosjektet, vil ta lenger tid. Det betyr at dei som bur på Nesheim ved Granvinsvatnet må tola gjennomgangstrafikk lenger enn planlagt.

— Her var det planlagt ein kort tunnel. Men etter at det gjekk fleire ras i berget, vil vi no byggja ein 1,9 kilometer lang tunnel frå flaten ved Nesheim og nesten til krysset ved Granvinsvatnet der du kan ta av til Ulvik.

Løne trur arbeidet på Jobergtunnelen kan ta til sommaren 2014. Med to års byggetid kan han i så fall stå ferdig sommaren 2016.