Politiet fekk melding om at traktor hadde velta over ein person klokka 19.04 i kveld, men hendinga viste seg å vera mindre dramatisk.

– Slik vi har forstått det skal ein ha starta traktoren medan den stod i gir. Traktoren skal ha hoppa fram og køyrd over foten til ein gut, seier Frode Kolltveit i Hordaland politidistrikt til bt.no.

Hendinga skjedde på Skulestadmo i Voss kommune.

16-åringen vart køyrd til Voss sjukehus.